pokalkamp Bergen (25-04-2023)
Categoria: Konkurranse
Mapa/Área: Kokstad
Organisação: IL Gneist
Endeleg tilbake, etter nokre tunge månader.

Det går treigt, men det er eg innstilt på i alle fall nokre månader framover, målsetjinga er no å kome i gang att, og at det faktisk skal vere mogleg å vere med, og så får ambisjonsnivået evt. justerast etter kvart.

start - 1: Det er lengre til posten enn kva eg trur, og eg lar meg fange opp av ein post som eg trur tilhøyrer langløypa.

1. - 6.: OK

6. - 7.: Strekktidene forteljer at det må vere eit betre vegval her.

7. - 8.: Her mistar eg den stien eg har tenkt å følge, og ender i staden på eit tråkk langs flyplassgjerdet, som ender i eit bekkehol. Eg har også dårleg inngang.

8. - mål: OK
Mostrar comentários (0)
 
pokalkamp Bergen (25-04-2023)