HOK-rankingfinale (05/10/2019)
Категорія: Konkurranse
Карта/область: Ytrebygda
Klatra til topps på resultatlista i H60-, utan på nokon måte å gjere noko storløp, men eg vinn nok på at eg ikkje gjer store tabber:

start-1.: Brukar nokre sekund på å finne stien der denne tar av frå vegen, og deretter mistar eg stien etter kort tid, utan at det gir noko stort tidstap.

1.-2.: Veldig grumsete under kraftlinja, og det beste valet ut frå post 1 er nok å dra rett vestover til vegen.

5.: Minuttbom på posten, men eg skjønner kva eg har gjort då eg ser steingarden.

5.-6.: Likar ikkje slike strekk, som er meir synstest med snev av bingo enn av orientering. Eg veljer bort rett på ut frå post 5, då det er uklart om det er passasje mellom det tomtegrøne og kollen (her skulle det sjølvsagt ha vore "hol" i løypetrykken, utan at eg veit om det hadde løyst fortolkingsproblemet).
Då eg ser nærare på strekket etter å ha kome i mål, ser det ut som om eg har løpt ulovleg dei siste metera før fylkesvegen, men når eg sjekkar eit anna kart i målestokk 1:5.000, ser passasjen eg (og dei aller fleste andre løparane valde) lovleg ut. Dumt med slike usikkerheitsmoment, her må løypelegging/løypetrykk/PM oppklare det som kartet ikkje klarer å vere eintydig på!
Inn mot 6. følast det veldig langt frå den litle stien og ned til posten.

7.-mål: Her følger eg merkinga, men utan å skjønne kvifor denne ikkje følger stien.
Показати коментарі (0)
 
HOK-rankingfinale (05/10/2019)