klubbmeisterskap Hordaveg BIL (24/09/2026)
Категорія: Konkurranse
Карта/область: Bueskytterbanen / Langeskogen
Організатор: Dagfinn Hole
Ein av fordelane ved å vere medlem i mange idrettslag, er at det blir godt utval av tilgjengelege klubbmeisterskap gjennom sesongen, i dag var det Hordaveg BIL sin tur.

Etter å ha blitt fråløpt av alt og alle i vegvesenmeisterskapen for 12 dagar sidan, var dagens målsetjing lav, men i dag fungerte kroppen OK, og då blei eg faktisk beste H50-. Det svingar altså, utan at eg enno har forstått kvifor nokre dagar er slik og andre dagar er slik...

Ingen store O-tekniske utfordringar, men sleit litt med lav motsol mot 7. :-)

start - 2.: OK

2. - 3.: Veljer inngang frå høgre, og trur det var lurt.

3. - 4.: OK

4. - 5.: Går meg fast i hogstavfall 60 meter før posten, men trur likevel at vegvalet er OK, om ikkje optimalt midtvegs.

5. - 6.: OK

6. - 7.: Veljer venstre langs hundegården, og trur det er OK.

7. - mål: OK
Показати коментарі (0)
 
klubbmeisterskap Hordaveg BIL (24/09/2026)