treningsløp Emblem IL (08/09/2026)
Kategori: Konkurranse
Harita/bölge: Nakkane Emlemsfjellet
Organizasyon: Emblem IL
Nakkane er fortsatt eit nydeleg orienteringsterreng, sjølv om eg hugsar det som meir lettløpt i tidlegare tider (, og så kan det jo sjølvsagt vere at fasiten er at både terrenget og gubben med åra er blitt mindre lettløpt...).

start - 1.: Overser ein skrent under streken, og trur at eg er kome lengre enn eg er, men tek meg inn utan vesentleg tidstap.

1. - 2.: Tungt opp her, men trur eg finn ein betre trasé enn dei fleste?

2. - 5.: OK

5. - 6.: Vurderar både rett på, høgre og venstre, men veljer venstre, m.a. pga best inngang. Når eg ser kva andre rota til her med alternative inngangar, trur eg at eg skal vere godt nøgd med vegvalet :-)

6. - 7.: OK

7. - 8.: Eg vinn strekket, eg kan umogleg ha løpt (eller rettare sagt gått...) fortast, men eg har nok korrekt trasé :-)

8. - 9.: Har ikkje lese postbeskrivelsen, og trur eg skal til søkk, og sklir forbi rett på nedsida, men stoppar heldigvis og les postbeskrivelsen før eg er kome veldig for langt.

9. - 10.: Tenkjer vel at mål godt kunne ha vore ved 9., likar ingen av dei 2 vegvala eg ser, og ender opp med høgre, som eg trur er greitt, det eg tapar tid på her, er neppe vegvalet, men at eg er varsam i slikt terreng, som det er akkurat i bratta ned frå 9.

10. - mål: Ingen silke her heller...
Yorumlari göster (0)
 
treningsløp Emblem IL (08/09/2026)