klubbmeisterskap Hordaveg BIL (02/10/2025)
Kategori: Konkurranse
Harita/bölge: Bueskytterbanen / Langeskogen
Organizasyon: Dagfinn Hole
Rusla meg greitt gjennom til seier i pensjonistklassen :-)

start - 1.: OK

1. - 2.: Enkelt strekk, men når eg står ved steinen ser eg ingen post... Går 2 steg fram, og då ser eg posten godt gøymd på oppsida av steinen...

2. - 3.: Held høgde bortover lia, og føler eg har stålkontroll då eg ser ein skjerm uventa høgt oppe. Denne virkar sjølvsagt som ein magnet, sjølv om han heng så godt synleg så høgt over bakken at tanken burde ha gått litt lengre, og eg drar opp til skjermen, for så å fastslå at denne har ein heilt annan eigar. Eg forstår kvar eg er, og ruslar ned til korrekt post, som er meir "normalt" gøymd bak steinen :-) Eg ser stemplingseininga før eg ser skjermen.

3. - mål: OK, om enn med ein litan sleiv på 7., men der har eg aldri, og heller ikkje no, vore nøgd med kartet.
Yorumlari göster (0)
 
klubbmeisterskap Hordaveg BIL (02/10/2025)