Fjord-O, løp 4 (2026-07-05)
Kategori: Konkurranse
Karta/område: Hodlekve Sogndal
Arrangör: Sogndal IL
Etter slitet dagen før, var eg i tvil om eg skulle starte, men konklusjonen blei å gå til start, og ta det derifrå, og samstundes ikkje prøve å gi "full gass".

start - 1.: Er nær ved å tryne ved startpost, der brua over elva er "merkeleg" konstruert, eg høyrer etterpå at eg ikkje var den einaste som sleit her. Inn mot posten er eg totalt ukonsentrert, eg veit kvar eg er, men skjønner ikkje kvifor eg ikkje ser posten... Eg veit ikkje kvifor eg fekk det for meg at posten skulle vere ved sørenden av myra...

1. - 2.: Går greitt rett i.

2. - 3.: Går ukonsentrert oppover, kjem for langt til venstre, men tek meg inn.

3. - 4.: Nok ein gong for langt til venstre, men tek meg inn når eg stoppar for å lese kartet.

4. - 7.: Tre strekk som faktisk er heilt OK, og får til og med ei oppmuntring ut frå 6., der eg treff Arne Knudsen, som freste frå meg opp mot 4., på bomtur :-)

7. - 8.: Her gjer eg det meste feil. For det første tek eg sjansen på å krysse det mørkegrøne, deretter blir eg litt for freista av eit tråkk som er meir farbart enn resten av den grumsete skrålia, og deretter blir eg med Arne J. på tur, i staden for å gå nedover når eg trur eg er nær ringen...
I ettertid er fasiten venstre via 2 store myrer, og eg forstår ikkje kvifor eg ikkje såg dette under løpet, men det er vel eit teikn på at heller ikkje hovudet hang med denne dagen...

8. - 9.: Går på feil kurs, utan i ettertid å vite kvifor, men tek meg heldigvis inn, men får likevel ein sleiv inne i ringen. Her er det mykje som ikkje virkar, ja...

9. - mål: Eg klarar å ta meg saman, og kjem meg i mål utan forsøk på å ta meg ut, og er heldigvis langt meir oppegåande etter målgang enn eg var dagen før, eg veit jo også at det ventar ein køyretur heim...

2 triste løp, og ein solid nedtur etter det eine løpet veka før, der kroppen fungerte vesentleg betre, men det har jo gått opp og ned ei stund, og gjer tydelegvis fortsatt det... Må vel eigentleg også seie meg rimeleg nøgd med å lande midt på resultatlista med ei så rusten gjennomføring? På plusskontoen noterar eg også nyttig "gjennomkøyring" før det skal vere vegmeistarskap i det same området om 9 veker, sjølv om eg eigentleg håper at det ikkje er den same skrålia vi skal opp i då.
Visa kommentarer (0)
 
Fjord-O, løp 4 (2026-07-05)