Digitalt kartarkiv för Torgeir Strand
|
Logga in
Alla användare
|
Språk:
Svenska
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Tillbaka
<< klubbmeisterskap Fana IL (2026-06-09)
bedriftsløp VBIK Bergen (2026-06-10)
Kategori:
Konkurranse
Karta/område:
Blokkhaugen Åsane
Arrangör:
UBIL
Resultat
Eg er generelt ikkje glad i sprintnorm i skog, men i dag klarte eg å lese kartet rimeleg greitt, og då blei det årets tredje bedriftsklassesiger i H60-B. Kroppen kan synast klar for retur til H60-A neste gong?
start - 1.: OK
1. - 2.: Klatrar høgare enn naudsynt, men ikkje noko stort tidstap.
2. - 4.: OK, men fort går det ikkje...
4. - 5.: Er usikker på vegvalet, men endar opp med rett på, og så føler eg tidleg på strekket at det er betre å løpe litt oppe i "dalsida" enn nede i den dy våte myra.
5. - 10.: OK, med grei kontroll, det følast som om det går på skinner (, om enn grusomt sakte i motbakken ut frå 5.)
10. - 11.: Eg trur vegvalet er greitt, men eg finn aldri den siste stien ned mot posten.
11. - 12.: Ut av posten trakkar eg ut i myr som framstår som botnlaus, men eg klarar heldigvis å kome meg opp att utan stort tidstap, og med kartet intakt, om enn kraftig brunfarga...
12. - mål: OK, sjølv om eg ut av 13. slit med at 13-talet drep delar av kartbiletet.
Visa kommentarer
Dölj kommentarer
(
0
)
Lägg till kommentar
Namn:
E-post:
Spara