Gammelskolla 2-dagars, dag 1 (2025-07-12)
Kategori: Konkurranse
Karta/område: Øvre Åstbrua vest
Arrangör: Ringsaker OK
Veldig varmt...

start - 1.: Dårlegare sikt i skogen enn venta, og eg får ikkje tak på kurvebiletet. Eg kjem opp til vatnet, utan å forstå at eg er oppe på den gamle/diffuse demninga, og fortsetjer litt nordover før eg ser lyset. Her går det eit minutt.

1. - 2.: Prøver å gi på, har grei kontroll o-teknisk, men kroppen følast kjempetung i varmen.

2. - 3.: Fortsatt veldig tungt å halde tempoet oppe sånn nokon lunde, samstundes som eg sklir til høgre, men tek meg greitt inn, men med nytt minuttap.

3. - 4.: Kjenner at kroppen ikkje vil vere med på dette tempoforsøket i varmen, og roar ned, etter nok ein gong å ha sklidd ut undervegs på strekket.

4. - 7.: Har konkludert med at dagens fokus er ikkje å ta knekken på kroppen, men kome i mål i OK helsestilstand, roar ned tempoet, held fast i kompasset, les kart undervegs, og går klokkereint på strek :-)

7. - 8.: Litt meir "humpete" terreng enn det eg trur det skal vere, men eg har grei kontroll på kvar eg er.

8. - 9.: Usikker på kvar eg er når eg kjem ned i myra, men les meg greitt inn. Beste vegval er nok likevel rett på.

9. - 11.: OK

11. - mål: Mistar merkinga når eg kjem ut på vegen, som er full i feilparkerte bilar, og må ha hjelp for å finne mål på andre sida av vegen. På ein "normal" dag hadde eg sjekka dette då eg gjekk til start, men eg hadde truleg heteslagtendensar allereie då eg gjekk til start?
Visa kommentarer (0)
 
Gammelskolla 2-dagars, dag 1 (2025-07-12)