Portugal 4-dagars, løp 2 (2025-03-02)
Kategori: Konkurranse
Karta/område: Ludo
Arrangör: Club BTT Terra de Loulé
Land: Portugal
Tunge bein, og eit par bommar, men karrar meg gjennom og inn i beste 1/2. Greitt nok, slik inngangen til løpa var.

start - 1.: Forstår ikkje skogen eg ser ned mot posten, og går på ein sving. Skulle eg ha repetert strekket, hadde eg følgd vegen lengre før eg tok av til høgre.

1. - 2.: OK

2. - 3.: Eg meiner eg veljer rett ut frå kartet, men løpbarheita i det gule der eg "kuttar" langs ein dal tidleg på strekket er langt dårlegare enn forventa. Bekkane eg kryssar må "klatrast" :-(

3. - 5.: OK, men meir rett på til 4. er nok kjappare.

5. - 6.: Eg meiner eg veljer rett, men går meg fast i jungel opp mot posten.

6. - 7.: Har grei kontroll til eg er oppe på flata, men deretter forstår eg null og niks. Det kryr av stiar og spor, og i staden for å forhalde meg til resten, brukar eg tid på å prøve å skjønne kva som har skjedd, og først seinare skjønner eg at feilen er at det er masse som manglar på kartet... Her går det kanskje 2 minutt?

7. - 11.: OK

11. - 12.: Planen er å følge vegen lengre, men eg tek av til venstre på noko eg trur er stien eg skal inn på, og når eg skjønner feilen, er eg kome så langt at eg fortsetjer rett på, truleg utan vesentleg tidstap.

12. - 13.: Rett på er nok kjappare enn Z?

13. - mål: OK
Visa kommentarer (0)
 
Portugal 4-dagars, løp 2 (2025-03-02)