bedriftsløp VBIK Bergen (11/09/2024)
Категория: Konkurranse
Карта/область: Totland
Организатор: Eviny BIL
Fuktig, og sleit veldig med å sjå kva eg hadde rundt meg på slutten, men det gjekk bra, om enn med ein del ekstra varsemd nedover.

start - 1.: Veljer feil her, beste løysing må vere til venstre for streken (, og med korrekt vegval her, hadde faktisk klasseseier vore nær...).
Eg går meg også fast i grønt før siste lysløype, då eg var ute i regnet såg kartet kvitt ut her, inne og utan vatn på brilleglasa er det moglegvis lysegrønt, men ikkje lett å sjå skilnad på kvitt og lysegrønt. Tanken var inngang via myra NA for posten, men det var fint tråkk oppe på ryggen, så eg tok det i staden, men vegvalet er rett og slett for langt, eg burde nok ha "kutta" opp til første lysløype ein stad gjennom finskogen til venstre for streken...

1. - 2.: Startar på same tråkket som inn mot 1., og finn deretter ein veldig tung trasé vidare, men er usikker på kvar beste trasé er? Strekktidene forteljer at fleire må ha funne betre botn enn det eg fann opp myra.

2. - 3.: Bestemmer meg for høgre via lysløypa, men fangast opp av eit OK tråkk som eg følger nokre meter før det forsvinn. Får god inngang, og trur vegvalet er korrekt, når det er så tungt i terrenget som no.

3. - 4.: Ser ingen gode alternativ tll stor venstresving, og finn ein grei oppgang frå Grindåsvegen.

4. - 5.: Inn i mørk granskog, og på med leselyset...

5. - 6.: Glatt i hogstfeltet, men trur eg har beste trasé her?

6. - mål: OK, men ser mindre og mindre, og er særs varsam utfor. På 7. ser eg ikkje posten med det same, sjølv om eg står mindre enn 5 meter unna...
Показать комментарии (1)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (11/09/2024)