Fjord-O løp 1/4 (03/07/2024)
Категория: Konkurranse
Карта/область: Totland
Организатор: Fana IL
Første gang i startbås på 70 dagar, utan stavar til å støtte meg på, og med plan om å løpe så mykje eg orka. Det gjekk langt betre enn frykta, litt ondt her og der etterpå, og så får morgondagen gi fasiten på om kroppen tålte forsøket.

Farta var så som så, men det skadar jo ikkje å vere kjent i terrenget :-)

start - 1.: Ser ikkje startposten, og løper litt for langt på "stien" før eg tek opp mot venstre.

1. - 4.: OK

4. - 5.: Optimal trasé er truleg eit knepp meir til venstre.

5. - 6.: Veljer sikker inngang framfor den hårfint kjappare rett på.

6. - 7.: Med velfungerande bein hadde eg nok tatt venstre via Grindåsvegen, no tek eg i staden høgre via Nedre Fanaløype, og det er faktisk fullt mogleg at det var det beste vegvalet :-)

7. - 8.: Legg meg høgt for å sjå posten frå oppsida, men det er så tett skog at eg ser null og niks, men eg har bra kontroll på når eg er kome langt nok til ikkje å fortsetje for langt.

8. - 9.: Beste trasé er nok litt lavare nede.

9. - 10.: Her veit eg frå gammalt av at det berre er å dra på :-)

10. - 11.: OK

11. - 12.: Er heilt bevisst på å dra rundt til høgre på siste del av strekket, og strekktidene viser at valet var korrekt. Fleirtalet klatra nok over haugen, etter først å ha tatt ned på Grindåsvegen for tidleg.

12. - mål: OK, og rimeleg overraska når eg får strekktidslappen, og ser kor nær eg er førstemann...
Показать комментарии (0)
 
Fjord-O løp 1/4 (03/07/2024)