Askøymeisterskapen 2026 (17-09-2026)
Categoria: Konkurranse
Mapa/Área: Kolbeinsvarden
Organisação: Askøy OL
Kjekk runde i overraskande tørt terreng, og det kom ikkje ein dråpe frå himmelen i dei minutta eg var ute :-)

start - 1.: OK

1. - 2.: Litt nøling før posten, då eg ikkje finn att kraftlinja på kartet, men etter nokre sekund forstår kvifor...

2. - 3.: OK

3. - 4.: Eg veit dei som ville ha teikna skrenten her utan "hol", men eg kom meg opp :-)

4. - 6.: OK

6. - 7.: Kjem litt for langt på stien, men ut frå strekktidene var eg den i klassa som feila minst her...

7. - 10.: OK, og ja, eg trakkar varsamt når eg som her går Askøy "på tvers"...

10. - 11.: Blir veldig i stuss då eg på siste del av strekket passerar eit lite "tjern", men forstår etter stopp, finlesing av kart og tankeprosess at dette er den innteikna tørre gropa.

11. - 13.: OK

13. - 14.: Blir litt for ivrig, og følger stien litt for langt...

14. - 15.: OK

15. - 16.: Når dette er dagens største bom, skal eg ikkje klage...

16. - mål: OK

Eg trur det er første gongen eg har starta i Askøymeisterskap, men sjølv med ein kropp som for tida ikkje heilt vil vere med på ønskt tempo, var dette så kjekt at eg får tru at det ikkje var siste gongen :-)

Takk til Jan for både kart og løype :-)
Mostrar comentários (0)
 
Askøymeisterskapen 2026 (17-09-2026)