krinsmeisterskap Hordaland (29-08-2026)
Categoria: Konkurranse
Mapa/Área: Lemmesmarki Voss
Organisação: Voss IL
Tung i steget i starten, men godt nøgd med meg sjølv i siste 2/3 av løypa, i snilt terreng mellom 700 og 800 moh, i dag :-)

start - 1.: Slit først med å finne fram til startposten, då merkinga sluttar veldig tidleg, og eg må stoppe for å lese kartet for å forstå at eg skal vidare austover. Inn mot post 1 har eg ikkje kontroll, m.a. fordi terrenget "bak" posten er veldig dominerande, men utan å vere med på kartet, men eg ser heldigvis skjermen då eg bikkar over siste kant.

1. - 2.: OK, men tungt, ja...

2. - 3.: Blir upresis inn mot posten, og får ein litan sving.

3. - 4.: Truleg litt forvirra av inngangen, drar eg litt skeivt ut, men finn deretter ein relativt grei trasé.

4. - 7.: OK, og godt nøgd med farta :-)

7. - 8.: Her er skjermen synleg på laaang avstand.

8. - mål: For ein gongs skyld kjem eg i mål med kjensle av at eg kunne ha løpt minst 1 km til :-)
Mostrar comentários (0)
 
krinsmeisterskap Hordaland (29-08-2026)