Arquivo digital de mapas de orientação de Torgeir Strand
|
Log in
Todos utilizadores
|
Língua:
Português
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Voltar
<< Kristtornløpet (19-04-2026)
pre-O Nore Neset (21-04-2026)
Categoria:
Konkurranse
Mapa/Área:
Skorvane Os Bjørnafjorden
Organisação:
Os OK
Resultados
Nokre år sidan sist eg deltok i "fysisk" pre-O no, og så hugsar eg frå den gongen at eg tenkte at når slikt arrangerast på kart som ikkje er spesialteikna for føremålet, blir det fort anten for lett eller for diskutabelt. Det var mogleg å tenkje slike tankar også denne gongen, men takk til Os OK for arrangementet :-)
Vi starta med tidspost (ikkje på kartet her), og så 9 postar i umerka løype, der eg ikkje umiddelbart skjønte korleis eg skulle finne fram frå "standplass" til "standplass", men med litt prøving og feiling fann eg fram til desse.
Tidspost: Angra på at eg ikkje såg meg betre rundt før eg sette meg ned, det var ein fordel med lang overkropp her, og det var ting eg kunne ha sett då eg sto, som eg ikkje såg då eg sette meg ned, og betre var det nok ikkje for dei som er mindre enn meg...
1: Kart ikkje 100% presist, men relativt opplagt kva som er rett.
2: I motlyset frå lav sol ser eg ingen høgdepunkt, men eg ser ein sti som ligg lengre til høgre ift asfaltkantane enn den på kartet, og så ser eg 1 skjerm til høgre for stien og 2 skjermar til venstre for stien. Er i tvil om eg skal svare ut frå stien eller asfaltkantane, men veljer å svare ut frå asfaltkantane, og ender då opp med feil. Eg var bort og såg på detaljane her etterpå, frå betre lysvinkel, med konklusjon om at det er "skeivheit" mellom "terreng" og "asfaltkantar", og at oppgåva eigentleg var uløyseleg pga divergens. Det var eitt svar som var rett om du tok utgangspunkt i sti og høgdepunkt, og eitt anna svar som var rett om du tok utgangspunkt i asfaltkantar...
3: Sadelen er relativt flat/diffus, og eg ser eigentleg 2 skjermar som ligg i denne, men eg svarar den som eg tenkjer ligg mest "mellom" kollane.
4: Grei oppgåve når eg først har funne alle 5 skjermane.
5: Her er utfordringa at eg ser 4 skjermar (det ligg ein N-post like ved), men når eg har konkludert med kva av skjermane som tilhøyrer N-posten, og som eg skal neglisjere, er svaret greitt.
6: Her ser eg først berre 4 skjermar, der eg føler at ingen ligg rett, men til slutt ser eg også skjerm 5, som ligg i skyggen, der dei 4 andre ligg i sola...
7: Denne er grei.
8: Føler at turvegen har meir markerte knekkar enn dei kartet viser, og at hovudutfordringa altså er å forstå kvar på turvegen eg står.
9: Enkel Z-post.
Mostrar comentários
Esconder comentários
(
0
)
Criar novo comentário
Nome:
Email:
Guardar