bedriftsløp VBIK Bergen (17-09-2025)
Categoria: Konkurranse
Mapa/Área: Stendskogen / Hordnesmarka
Organisação: DnB BIL / Bergens TF
Har slitt heile sesongen med å løpe OK 2 dagar på rad, men følte at det no var betring på gang, og prøvde meg, sjølv med løp også i går:

start - 1.: Allereie bortover vegen kjenner eg at venstrefoten ikkje er heilt på lag, men eg bestemmer meg for å prøve vidare. Der eg har tenkt å ta opp til høgre (etter vegetasjonsgrensa), viser kvit skog seg å sjå relativt grøn ut, og utfallet blir ein dårleg inngang, med kanskje eit halvt minutt tidstap?

1. - 2.: Finn ein grei trasé opp, men forstår ikkje postbeskrivelsen, og drar forbi på oppsida, utan å sjå stupet som eg tenkjer skal dukke opp utan vidare leiting. Nytt halvminutt.

2. - 3.: Eg trur ikkje det løner seg å dra rett opp att på stien?

3. - 5.: OK, og eg føler at dette, etter litt startgrums, no går uventa bra :-)

5. - 6.: Nede på vegen oppstår det etter nokre løpssteg debatt mellom ulike kroppsdelar, der konklusjonen blir at det sunnaste er å slå over til ruslefart. Posten ruslar eg nesten forbi, men eg ser han når eg snur meg...

6. - 9.: Ruslar meg greitt vidare, men med ei ekstra synfaringsrunde ved 8., der eg først oppfattar kartet som "rart", men blir meir nøgd etter synfaringsrunda :-)

9. - mål: Finn ut at dette er eit greitt høve til topptur på Sverrefjellet, og legg inn dette på vegen mot mål :-) Oppe på fjellet finn eg til og med eit merkeband utan post, og det ser slett ikkje så verst ut oppe på topplatået, men annleis enn i gamle dagar, ja...
Mostrar comentários (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (17-09-2025)