Arquivo digital de mapas de orientação de Torgeir Strand
|
Log in
Todos utilizadores
|
Língua:
Português
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Voltar
<< Hamla GP (25-05-2025)
|
klubbløp Samnanger IL (15-06-2025) >>
klubbmeisterskap Fana IL (12-06-2025)
Categoria:
Konkurranse
Mapa/Área:
Totland
Organisação:
Fana IL
Ope klubbmeisterskap med poengorientering, enno utan resultatliste.
Tidsramma er 45 minutt, og eg konkluderar med at det ikkje er noko poeng å bruke tid på 1- og 2-poengarar som eg ikkje likevel passerar forbi, og tenkjer vidare at når det er lagt postar ute i hogstfeltet ved Gymmelandsvegen, må dette bety at hogstfeltet er meir løpbart enn det var sist eg var ute i det. Eg veljer dermed Henneåsen mot klokka, der tanken er å avslutte gjennom hogstfeltet med 153, 154 og 151.
I den augneblinken eg tek av frå lysløypa, kjenner eg at kroppen er enda mindre glad i høge kneløft enn det eg frykta, og åsen er alt anna enn lett å ferdast i, og det går treigt.
135 er eg så sløv at eg passerar på nedsida, og plutseleg orienterar eg mot 133, utan å hugse at eg på vegen dit skulle innom 135, og blir klar over flausa for seint til at eg vil snu... 3 poeng ut av vindauget...
Traséen eg finn ned mot 128 er mildt sagt dårleg, og over hogstfeltet mot 153 blir det ikkje betre, og på 154 går det opp for meg at eg truleg har for lite tid att.
Ut frå 151 er eg sikker på at eg har for lite tid att, og roar difor ned, ikkje noko poeng å ta knekken på beina bortover lysløypa, for så å kome inn på 45:45 eller noko slikt...
Fasit null poeng, og ein tung, men god treningstur, og alltid kjekt å kome i mål til dusj i Fanahytten :-)
Mostrar comentários
Esconder comentários
(
0
)
Criar novo comentário
Nome:
Email:
Guardar