Portugal 4-dagars, løp 4 (04-03-2025)
Categoria: Konkurranse
Mapa/Área: Canil
Organisação: Club BTT Terra de Loulé
País: Portugal
Kjende på beina ut frå start, at eg hadde tatt ut det meste dagen før, og at det ikkje var snakk om same fart i dag, og må vel eigentleg seie meg nøgd med å kome gjennom på under 10 min/km, etter 4 løp på 71 timar, og før det meir enn 4 månadar sidan førre løp. Glatt og sleipt, men ikkje like ille som dagen før, men skoa blei veldig tunge av klabbar etter kvart... Eg trur det eg hadde med meg på slutten, med all leira, veide nærare 100 kg...

start - 1.: OK, og hugsa frå dagen før at det var mindre ille å løpe parallelt med motorsykkelspora, enn å løpe i dei...

1. - 2.: Såg ein post på lang avstand, som eg følte kanskje var for langt til høgre, og det var han, men eg skjønte med ein gong kvar eg var... Eg hadde jo også vore der dagen før :-)

2. - mål: Konkluderte med at dette er terreng eg i tempo som i dag beherskar greitt, og at dagens utfordring ikkje var å finne fram, men å halde sånn nokon lunde tempo. Veldig sliten på slutten, og sleit nok også med inspirasjon i gjørma mot 17... Ingen spesielle utfordringar O-teknisk, og håper det er meir koter og mindre gjørme/leire neste gong eg skal løpe i Portugal...

Mostrar comentários (0)
 
Portugal 4-dagars, løp 4 (04-03-2025)