vegmeisterskap "sprint" (13-09-2024)
Categoria: Konkurranse
Mapa/Área: Midt-Tromsøya
Organisação: IL BUL-Tromsø
Ikkje verdas beste kart, og ein del nyare aktivitetar hadde også endra litt på situasjonen ift kartbiletet, men likt for alle.

start - 1.: Beste vegval er nok faktisk rett sørover frå start, men ikkje lett å sjå dette når alt er lagt til rette for å løpe ut mot aust.

1. - 3.: OK

3. - 4.: Vond motsol, og krasjar nesten med ei jente på trehjulssykkel... Beste "nedløp" trur eg er aust for undergangen?

4. - 5.: Løper gjennom undergangen, før eg forstår at eg ikkje skal den vegen, og snur tilbake... Greitt å kome opp skråninga, og undervegetasjonen som kartet viser, er ikkje der eg klatrar opp.

5. - 9.: OK, og når eg kjem, er starten rigga ned slik at eg unngår dei potensielle "snubleutfordringane" fleire av dei tidlegstartande hadde.

9. - 11.: Forstår lite av stisystemet her.

11. - 12.: OK

12. - 13.: Blir stadig meir usikker på stisystemet, og tek av litt for tidleg, etter noko som liknar på ein kolle...

13. - 14.: OK

14. - 15.: Er på veg forbi posten då eg skjønner at det no går for fort...

15. - 16.: Havnar på feil sti midtvegs, men trur eg er på stien som er på kartet, og blir så fanga opp av ytterlegare nye "frisbeestiar". Det går nok med eit minutt i forvirringa her.

16. - mål: OK, etter å ha konkludert med at her handlar det om å styre etter kompass og kurvebilete, og i hovudsak neglisjere påteikna stiar.



Mostrar comentários (0)
 
vegmeisterskap "sprint" (13-09-2024)