bedriftsløp (29-04-2019)
Categoria: Konkurranse
Mapa/Área: Havet (Almeland/Kalandseid)
Eg løper greitt nok frå 4. og inn, men det eg gjer mot 4. er alt anna enn greitt :-(

Inn mot 2. oppfatta eg som at det var ein fin trasé til høgre for "brakedalen", men der blei eg berre pressa til høgre av meir brake...

Inn mot 3. er det alt for mange strek oppå kvarandre til at eg klarar å lese kartet, og så dummar eg meg altså ut til 4., der eg oppfattar at eg er kome ute i den kvite skogen (og har kryssa bekken), når eg drar nedover søkket, utan å forstå at eg fortsatt er i det grøne. Eg får seie unnskuld til Tore Svein Nese, som i god tru blei med meg nedover feil søkk...
Planen var grovt bratt ned gjennom det grøne, og deretter å følge søkk/vegetasjonsgrense rett i posten. Det ble nok litt for grovt...

Mykje av det grøne er langt meir løpbart enn kva kartet gir inntrykk av, men ut frå 10. er det annleis...
Mostrar comentários (0)
 
bedriftsløp  (29-04-2019)