Digital Orienteering Map Archive for Torgeir Strand
|
Zaloguj
Wszyscy użytkownicy
|
Język:
Polski
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Powrót
<< Blodsmaken (26/09/2026)
KM mellomdistanse Hordaland (03/10/2026)
Kategoria:
Konkurranse
Mapa/teren:
Strøno
Organizator:
Os OK
Wyniki
Hadde ingen store fartsmålsetjingar i dag, men målsetjinga var å kome bomfritt rundt. Det gjekk ikkje 100% perfekt, eg får halvanna minutt på 13., og har fleire vegval som er alt anna enn optimale, men eg blei i alle fall beste Gularløpar i klassen :-)
start - 4.: Det går på skinner, eg er godt nøgd med kartet, og terrenget er om lag som forventa.
4. - 5.: Blir for oppteken av inngangen, og ender opp med eit skikkeleg dårleg vegval. Rett på må vere vesentleg betre.
5. - 6.: Rundar for mykje, rett på må vere betre...
6. - 7.: OK
7. - 8.; OK, men med ei solid overrasking då eg kryssar bekken. Den er litt for brei til å hoppe, men eg tenkjer at han neppe er meir enn leggdjup. Når eg hoppar uti, oppdagar eg at fasiten på djupna er rumpedjup, men eg kjem meg heldigvis greitt opp att.
8. - 9.: OK
9. - 10.: Her er vegvalet mitt meiningslaust, og eg klarar i ettertid ikkje å forklare eller hugse kvifor eg valde slik... Rett på er veldig mykje betre...
10. - 12.: OK
12. - 13.: Føler eigentleg at eg er for langt til venstre, men i staden for å korrigere, trur eg at den gule flekken er myra, og startar å leite etter steinen... Halvanna minutt...
13. - 14.: OK
14. - 15.: Undervegs tenkjer eg at eg heller skulle ha tatt rett på, men strekktidene antyder at vegvalet mitt er heilt OK...
15. - mål: OK
Pokaż komentarze
Ukryj komentarze
(
0
)
Dodaj komentarz
Nazwa:
E-mail:
Zapisz