Digital Orienteering Map Archive for Torgeir Strand
|
Zaloguj
Wszyscy użytkownicy
|
Język:
Polski
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Powrót
<< bedriftsløp VBIK Bergen (29/04/2026)
bedriftsløp VBIK Bergen (06/05/2026)
Kategoria:
Konkurranse
Mapa/teren:
Lyshornet / Svartevatn
Organizator:
Eviny BIL
Wyniki
Dagsformen virka laber, og eg meldte meg på i B heller enn A, men var i tvil om eg skulle bytte heilt til eg kom opp på start, og fekk snike meg til ein titt på A-løypa, der eg såg eit langstrekk som eg visste at kroppen ikkje ville juble over.
B var eit greitt val, men eg kunne ha ønskt meg nokre meter til oppe i "finterrenget", og at mål kunne ha vore ved stien før post 9.
Elles var inngangen til løpet veldig spesiell, då eg kom til løpet via Os kyrkje, og eit farvel med Geir Rognsvåg, som var ein av kartteiknarane då det var NM i nettopp dette terrenget i 1995 <3
For meg blei dette eit minneløp for Geir, og eg trur eg gjekk/løp nesten like støtt som det han ville ha gjort <3
start - 1.: Varsam nedover første bakke, men går rett i posten.
1. - 2.: OK
2. - 3.: Er veldig bevisst på at eg skal over sadelen.
3. - 4.: Litt vegetasjonsrufs bortover lia, men har grei kontroll på kvar eg er.
4. - 5.: Trur eg har optimal trasé her :-)
5. - 6.: Litt usikker på om eg kanskje skal runde til høgre, men veljer svak venstre. Bratta før myra er som venta rufsete, men eg finn ein OK veg ned, og når nede, er det grei inngang opp til venstre for posten.
6. - 7.: Våt myr i starten, men eg trur likevel myr er beste vegval.
7. - 8.: Usikker på kva detalj posten eigentleg er på, men er bevisst på å dra opp tidsnok, slik at eg veit at eg har posten til venstre for meg når eg kjem opp på ryggen.
8. - 9.: Her handlar det eigentleg berre om å finne grei passasje ned til stien gjennom noko vegetasjonsgrums, og så er det overraskande mange løparar å treffe på i myra 10 meter høgare oppe enn posten. Eg veit ikkje om det kan vere løypetrykken (som stel veldig mange kartdetaljar) som gjorde at mange fekk trøbbel her?
9. - 10.: Her er nok svak høgre kjappare enn min variant...
10. - 11.: Ikkje ein augneblink i tvil om vegvalet her.
11. - mål: Løftar blikket, og ser målflagget.
Pokaż komentarze
Ukryj komentarze
(
0
)
Dodaj komentarz
Nazwa:
E-mail:
Zapisz