bedriftsløp VBIK Bergen (30/04/2025)
Kategoria: Konkurranse
Mapa/teren: Siglingevatn
Organizator: Skogselskapet BIL
Tilbake i H60-A bedrift for første gong sidan 2023.

start - 1.: Kuttar gjennom veldig tett skog ned frå åsen, her kunne nok fargen ha vore grønare.

1. - 4.: OK, og føler at dette går veldig greitt :-)

4. - 5.: Det har kanskje gått litt for glatt, og eg blir litt for "grov" inn mot posten, der eg tek av "ein kolle for tidleg" i siste opne myr. Fortsetjer deretter for langt før eg forstår at noko er veldig feil, og brukar i overkant lang tid på å ta meg inn att. Her går det 4 sure minutt :-(

5. - 6.: Veldig nølande bortover her, men går greitt i posten.

6. - 7.: OK

7. - 8.: Det eg gjer, følast feil, men strekktidene forteljer noko anna...

8. - 10.: Diverre ingen strekktider å samanlikne med her, men eg trur vegvala er OK. Ned mot 9. trur eg at eg skal få hjelp frå vatnet, men det får eg ikkje, og kjem for langt til høgre...

10. - 11.: Vegvalet mitt blir nok litt for langt... Stussar då eg kjem inn mot posten, og ser skrenten, men ikkje skjerm eller bukk, men dei er der...

11. - mål: OK
Pokaż komentarze (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (30/04/2025)