Digital Orienteering Map Archive for Torgeir Strand
|
Zaloguj
Wszyscy użytkownicy
|
Język:
Polski
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Powrót
<< bedriftsløp VBIK Bergen (04/09/2024)
|
bedriftsløp VBIK Bergen (11/09/2024) >>
pokalkamp Bergen (10/09/2024)
Kategoria:
Konkurranse
Mapa/teren:
Svartevatn
Organizator:
Fana IL
Wyniki
Innleiinga på dagen var tung, og tanken var at ettermiddagen skulle gi ein opptur, men...
start - 1.: Myra er så tung at eg trur at det lønar seg å dra rundt på veg.
1. - 2.: Eg veljer venstre via kraftlinja, og med plan om å styre via gjerdet i kanten av det "tomtegrøne". Planen viser seg å vere veldig dårleg, då eg etter ei stund, og heilt utan å ha passert noko gjerde, er inne mellom fleire granhekkar som er så tydelege at det er uforståeleg at dei ikkje er på kartet. Brått går det opp for meg at her har eg vore før, og det er jo nettopp inne i det "tomtegrøne"... Eg kjem meg ut, opp til posten, tek ei tenkepause, og konkluderar med disk., og at slik dagen har vore og veka ser ut til å bli, tek eg resten av løypa som treningstur.
2. - 3.: Opp bakken konkluderar eg med at treningsturen blir rusletur. Myra midtvegs er f.ø. like våt som sist eg passerte over ho.
3. - 4.: OK
4. - 5.: Konsentrasjonen er ikkje på topp, og det blir ein litan sving inn i posten.
5. - 6.: OK
6. - 7.: Rett på over haugen er nok betre enn min jungelvariant, men eg er litt nysgjerrig på "det tomtegrøne", og må innrømme ei viss forvirring ift å sjå kvar den klare grensa er.
7. - mål: Eg ruslar meg inn utan å stemple, og tidtakar konkluderar med "brutt", sjølv om eg eigentleg hadde sikta meg inn på "disk.", etter å ha vore i forbode område til 2., og på resultatlista blei det visst "disk." likevel.
Pokaż komentarze
Ukryj komentarze
(
0
)
Dodaj komentarz
Nazwa:
E-mail:
Zapisz