Digital Orienteering Map Archive for Torgeir Strand
|
Zaloguj
Wszyscy użytkownicy
|
Język:
Polski
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Powrót
<< Høst-open dag 2 (29/10/2023)
|
Portugal 4-dagars - løp 2 (11/02/2024) >>
Portugal 4-dagars - løp 1 (10/02/2024)
Kategoria:
Konkurranse
Mapa/teren:
Amoreira
Organizator:
Associação Desportiva do Mondego
Kraj:
Portugal
Wyniki
Portugal 4-dagars var i mange år eit årvisst reisemål, men av ulike grunnar har eg no ikkje vore med sidan 2020, men det var godt å vere tilbake, om enn ikkje til sommarver, men heller ikkje å forvente, når langt nord i landet, og på mellom 700 og 800 moh.
start - 1.: Den umiddelbare strategien var å lese og orientere etter steingardar, men eg forkasta fort denne strategien, då eg skjønte at det var langt fleire steingardliknande konstruksjonar i terrenget enn dei som var på kartet. Kom skeivt, men las meg heldigvis greitt inn på det brune, samstundes som eg konkluderte med at kompasset var ein sikrare ven enn steingardane, og at "kvit skog" ikkje var skog, men noko anna...
1. - 4.: OK
4. - 5.: Forstår ikkje skilnaden på "kvit skog" og "grøn skog", og blir lurt av nokre steingard-/gjerdeliknande greier til å tru at eg er lengre til venstre enn kva eg er. Her går det nok over eitt minutt.
5. - 8.: OK, om enn med nokre utfordrande piggtrådpasseringar...
8. - 9.: Her gløymer eg å lese det brune, og kjem for langt til høgre... 2 nye bomminutt...
9. - 11.: OK
11. - 12.: Blir nok ein gong lurt av steingardar som ikkje står på kartet, gløymer at kompasset er ein god ven, og ser ikkje det brune godt nok under det svarte... 2 nye bomminutt...
12. - 15.: OK
15. - 16.: Havnar i ei steinrøys inn mot posten
16. - mål: OK
Overraska når eg ser resultatlista, med meir enn 5 minutt bom trudde eg at eg skulle vere lengre nede på denne enn kva eg faktisk er.
Pokaż komentarze
Ukryj komentarze
(
0
)
Dodaj komentarz
Nazwa:
E-mail:
Zapisz