PWT-løp (21.10.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Vieux Monaco & Fontvieille
Land: Monaco
Eit særs spesielt "løp", der PWT ikkje hadde fått løyve frå lokale myndigheiter til å arrangere. Ordren var: "Sjå ut som turistar", noko som passa meg greitt, eg løper jo likevel ikkje pr. no sprintløp på hardt underlag.

Eg oppførte meg altså som turist, og gjekk både omvegar og knipsa bilete, men ein suveren måte å sjå aktuell del av Monaco på. Mellom postane 13 og 14 tok eg meg til og med ein sving innom Frankrike, for å sjekke ut om det var mogleg enkelt å kome seg inn på Stade Louis II. Det var det ikkje...

Det var inga tidtaking, og ikkje sett ut postutstyr, men nokre av postane var merka med diskrete merkeband.

RF og andre som teljer land, har ei nøtt ift om dette kan reknast som løp eller ikkje, og om Monaco då i tilfelle kan teljast som nytt land :-)
Vis kommentarer (0)
 
PWT-løp (21.10.2024)