Archivio digitale di mappe di Orienteering di Torgeir Strand
|
Accedi
Tutti gli utenti
|
Lingua:
Italiano
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Indietro
<< klubbmeisterskap Hordaveg BIL (2026-09-24)
Blodsmaken (2026-09-26)
Categoria:
Konkurranse
Nome della mappa:
Alta (mosaikk av ulike kart i ulike målestokkar)
Organizzatore:
Alta OL
Risultati
Eg hadde eigentleg meldt meg på i kortløypa, men blei tilrådd "opprykk" til mellom, samstundes som det blei hinta om at eg ikkje kom til å bli skoten om eg kutta nokre av asfalt-/sprintpostane til slutt, og då blei det slik, utan at eg angrar valet. Eg fekk meg ein fin tur på 15 km, stort sett gåande, men litt lett jogg ned frå Raipas. Forsøk på å løpe meir hadde gitt totalsprekk, og behov for henting før mål... Det var meir enn tungt nok å klare bakken frå elva og opp på Sandfallet...
Det var totalt 5 kart, og postnummereringa starta på nytt for kvart kart. Karta er her limt saman, utan fullstendig suksess, eg trur eg har klart å korrigere for ulike målestokkar, men det var verre med ulik nordretning. Det er ganske stor skilnad på nordretningane på "kart 3" og "kart 4", utan at eg veit kva av retningane som evt. er korrekt, men det er heller ikkje første gong vi har hatt utfordring med nordretningar i Alta :-)
Kart 1: Litt forvirring ut frå start (eg trur starten var heilt sør i trekanten?), og eg følgde i starten berre etter dei som løp først. Eg tok ein dialog med m.a. Thomas før eg gjekk ut på jordet, etter at vi hadde konkludert med at vi kunne definere ferdig klipt jorde i slutten av september som lovleg akkurat denne dagen... Eg trur heile feltet løp/gjekk i det same sporet over jordet her?
Eg finn aldri stien frå skiløypesvingen før post 1, men det fungerar heilt greitt å gå rett på :-)
Opp mot postane 2 og 3 tek eg det veldig med ro, og er veldig klår over at kartet inneheld berre ein brøkdel av den totale løypa, og at her må det ikkje sløsast med kreftar :-)
Kart 2: Kartet (utskrift frå MapAnt) er ikkje akkurat lett å lese, men eg prøver å sjå på kurvebiletet, og til post 1 konkluderar eg med svakt venstre via nokre vatn. Utfordringa eg (som Thomas sin gjeng) møter, er nokre svaberg etter siste vatn, der eg rett og slett ikkje klarar å runde slik eg har tenkt, men må klatre meir rett opp.
På post 1 seier eg til Thomas med følge at eg tek det vegvalet dei ikkje tek, og eg lar dei velje først. Dei tek venstre, og då tek eg høgre, som eg også trur er best. Vi møtast att på post 2 (Thomas med følge held høgare fart enn meg, men har stopp for vegvalsdiskusjonar på alle postar), men då har eg både tatt tisse- og fotostopp, eg var jo på tur, og ikkje på løp :-)
Thomas med følge ligg litt til venstre for meg eit par stadar på strekket mot post 3, og så snakkast vi på nytt på post 3, der eg nok ein gong tek det vegvalet Thomas ikkje tek. Her er nok Thomas sitt høgrevegval over toppen best, sjølv om det er lengre? Eg ser dei ikkje att før vi er godt inne på det neste kartet.
Kart 3: Eg har vore mange gongar på Lille Raipas, men faktisk aldri langs den traséen eg tek ned via post 1 mot post 2 her. MapAnt sin sti stemmer heldigvis overraskande bra :-)
Mot post 3 er eg delvis saman med Thomas og følge, men vi veljer kvar vår veg i grumset som er midtvegs. Ingen av oss finn nokon god trasé her, men nokon god trasé finnast mest truleg ikkje...
Ut frå post 3 meiner følget til Thomas at det ser uframkomeleg ut ned mot kjosen, og dei tek ein sving til høgre, medan eg drar meir rett ned, eg har vore nedi her før, om enn for 40 år sidan, og gjettar at det fortsatt er framkomeleg, og det er det. Vidare mot post 4 følger eg fylkesvegtraséen vi hadde ferdig plan på i 1986, men enno ingen veg å sjå...
Frå post 4 til post 5 er det rein transport langs velkjende vegar, sjølv om MapAnt ikkje akkurat stemmer ved bedehuset på Elvebakken. Thomas med følge løper frå meg, og over brua kjem Stig, som er einsam i tet i langløypa, trampande forbi på gitteret. Eg hadde venta at han skulle kome tidlegare...
Kart 4: Dette var "nærområdet" mitt då eg budde på Aronnes frå 1990 til 1994, og det er ingen groper eg ikkje har vore innom her tidlegare :-)
Eg var veldig tung i beina då eg kom opp mot post 1, og lurte på om eg eigentleg orka å gå nedom post 5, men eg tok han med, det var jo kun "asfalt-/sprintpostane" eg hadde snakka om å kutte...
Kart 5: Ingen o-tekniske utfordringar, men for å kome i nokon lunde stand til mål, og fortsatt vere oppegåande resten av helga, hoppa eg over postane 2-5 ved Sandfallet skole og postane 11-14 oppe ved Kvilekrysset. Frå post 15 til post 16 fungerte ikkje hovudet, eg sto brått ved husmorskulen og lurte på kva eg skulle der... Då blei det til at eg etter post 16 gjekk til mål rundt det gamle høgskolebygget, men utan å gå bortom postane 17 og 18 for å stemple, og ja, eg såg begge to, og såg at stempling krevde "blinde" omvegar...
Etter målgang blei det i rekkefølge avkleing, dusj, påkleing og mat, og gubben angra ikkje på at han lot seg overtale til tur over Raipas heller enn kortløype på Sandfallet :-)
Seinare på kvelden var det 50-årsjubileumsfest for klubben i mitt hjarte, klubben eg løp for i perioden 1986-1997 <3
Visualizza commenti
Nascondi commenti
(
0
)
Pubblica il nuovo commento
Nome:
Email:
Salva