Gammelskolla 2-dagars, dag 2 (2025-07-13)
Categoria: Konkurranse
Nome della mappa: Øvre Åstbrua nord
Organizzatore: Ringsaker OK
Heldigvis lavare temperatur enn dagen før, men nordover grusvegen til start merkar eg godt at kroppen kunne ha tenkt seg ytterlegare temperatursenking, men samstundes er eg godt nøgd med at det er overskya, og at det til og med er meldt fare for regn :-)

start - 1.: Har grei kontroll nordover, men myra er overraskande tung å forsøke å løpe i. Beste vegval er nok svakt høgre?

1. - 2.: I gamle dagar, då eg såg betre, hadde dette vore eit perfekt strekk, der strategi hadde vore kompasskurs kombinert med kartfinlesing i fart. No er det ikkje lenger snakk om å lese kart i fart, og eg valde i staden grov kompasskurs, der eg skulle lese meg inn for finnavigering på siste del av strekket. Over myra bryt sola gjennom, og det blir plutseleg vesentleg varmare enn kva eg hadde rekna med, samstundes som eg irriterar meg kraftig over at eg ikkje smurde topplokket med solkrem før start, men eg skal jo berre løpe ein halvtime til før eg er tilbake til sekk, nedkjølande elvebad, sommarhatt og solkrem...
Ved kryssing av bekk/gjerde er eg lengre til venstre enn tenkt, men føler at eg justerar kursen greitt. Eg fortsetjer vidare, og sett i ettertid overraskande langt før eg til høgre for meg ser den myra eg har planlagt å bremse opp ved, slit litt med å lese meg inn, men fortsetjer mot nord ut frå noko som stemmer nokon lunde, før absolutt inkje stemmer, og eg konkluderar med at eg er for langt nord og/eller vest...
Vidare strategi er då å flytte seg sånn ca. mot aust, i tru på at det skal dukke opp noko eg kan lese meg inn på (om ikkje anna den store myra mellom post 2 og post 3), men det gjer det jo ikkje...
Etter fortvila famling i litt for mange minutt, utan å få noko til å stemme, setjer eg kursen mot søraust, og les meg om sider inn på stor opa myr SA for post 3. Då kokar det i (og oppå) hovudet i solsteiken, og eg konkluderar med at det viktigaste også i dag er å kome i mål i OK helsetilstand, og eg har jo også ein lang biltur etter løpet å tenkje på, og setjer kursen mot post 4, som eg finn greitt.

4. - 7.: Finn greitt fram, i roleg tempo.

7. - 8.: Er så vidt innom vegen opp i øvre grustakdel, og sklir på ei gruslagt steinhelle då eg drar ut i terrenget att, og landar på ein slagdempande mage, som i ettertid ser ganske forslått ut...

8. - mål: I dag finn eg mål, men også i dag gløymde eg den obligatoriske/vanlege sjekken då eg gjekk frå arena, eg var nok ikkje heilt påskrudd i varmen, nei...

Tenkjer at dette hadde vore perfekt terreng då eg var halvparten så gammal, men at eg burde ha takla det vesentleg betre enn kva eg gjorde, så her er det berre å lære, og prøve på nytt neste år, forhåpentlegvis i vesentleg lavare temperaturar...

Etterskrift: Når eg eit par dagar seinare ser nærare på inngangen til 2., trur eg at eg var ved SV/NA-kollen vest for 2-talet, då eg trudde at eg var ved SV/NA-kollen søraust for 2-talet, og då balla jo feilen berre på seg vidare. Eg har altså deretter passert austover nord for post 2, men har truleg vore relativt nær post 3 før eg las meg inn, og konkluderte med at det beste for helsa var å fortsetje sørover, heller enn å ta med postane 2 og 3 i solsteiken...
Visualizza commenti (0)
 
Gammelskolla 2-dagars, dag 2 (2025-07-13)