2 dies de les Muntanyes de Prades - dag 1 (2024-10-26)
Categoria: Konkurranse
Nome della mappa: Les Pinedes / Castillejos
Organizzatore: Club Montsant
Paese: Spania
Første "skikkelege" løp på Middelhavsturen, men ingen lokale konkurrentar i H65- :-(

Kald vind frå nord, og regn i lufta...

Eg slår dei eg skal slå, og er ikkje langt bak dei 3 andre :-)

start - 1.: Går greitt i godt gøymd post trykt ned i grop langt under normen, og konkluderar med at det kan forventast meir av både "krypande" postar og alt for små objekter.

1. - 2.: OK

2. - 3.: Litt forvirring midtvegs, men ikkje noko stort tidstap.

3. - 4.: Er litt for optimistisk og upresis inn mot posten, og kjem for høgt, men inga katastrofe.

4. - 5.: Får eigentleg lite til å stemme her, men lite tidstap.

5. - 6.: Katastrofestrekk... Eg startar rett, men i staden for å halde høgde etter å ha runda det mørkegrøne, klatrar eg, feilvurderar avstand, og når eg treff stien, er eg mykje lengre aust enn eg skal vere, samstundes som eg fortsetjer på stien alt for langt før eg forstår kva eg har gjort...

6. - 8.: OK

8. - 9.: Eg anar ikkje kva eg ser etter, men finn greitt posten trykt ned i ei smal grøft.

9. - 10.: OK, sjølv om "skrenten" knapt er synleg.

10. - mål: OK, og eg er ein av få som forstår at høgre via veg er best til 12. Dette gir suveren inngang ift dei som veljer inngang frå nedsida, og som ikkje ser skrenten pga tett vegetasjon.

Visualizza commenti (0)
 
2 dies de les Muntanyes de Prades - dag 1 (2024-10-26)