WMOC langdistanse (2024-08-09)
Categoria: Konkurranse
Nome della mappa: Kurala Otava
Organizzatore: Liedon Parma
Paese: Finland
Ny B-finale, nok ein gong med målsetjing om beste tredjedel, og klarar det nesten, med plassering som 27 av 76 startande. I sum greitt nøgd med meg sjølv i årets WMOC, når sesongen så langt har vore som den har vore.

start - 1.: Startar forsiktig i uoversiktleg terreng, men styrer med hjelp av kompass og myrene.

3. - 4.: Veljer venstre for haugen i staden for rett over. Finn OK traséar og trur at valet er OK.

6. - 7.: Skjønner lite av den gule korridoren (gammal kraftlinjetrasé?), men har grei kontroll heilt til eg får ein sving inne i ringen.

7. - 8.: Veljer høgre via sti, og trur valet eigentleg er greitt, men tapar tid på at eg ikkje finn det beste tråkket gjennom det grøne. I alle fall til venstre for meg var det eit vesentleg betre tråkk.

8. - 9.: Vurderer at det skal vere greitt å ta seg inn, og at det tek alt for lang tid å lese alt her, og legg av garde austover på kompasskurs. Planen om å ta seg inn fungerar, men så dummar eg meg ut etter å ha tatt meg inn, trur eg ser haugen før posten til høgre for meg, gløymer at eg har med kompass, og ser etter kvart at det lysnar foran meg inne frå det grøne. Då skjønner eg heldigvis kjapt kva eg har gjort, og kvar eg er, men eit par minutt (og 6 plassar på resultatlista...) sosast nok bort her...

10. - 11.: Rett på er nok kjappare enn min kurvevariant...
Visualizza commenti (0)
 
WMOC langdistanse (2024-08-09)