klubbmeisterskap Hordaveg BIL (2022-10-06)
Categoria: Konkurranse
Nome della mappa: Bueskytterbanen/Langeskogen
Organizzatore: Bergens TF
Snill klubbmeisterskapsløype i Langeskogen i dag, og så tenkjer eg det er greitt nok å bli slått av kjappare ungdommar, eg var i alle fall kjappaste H60- :-)

Nokre nerdetankar:

start - 1.: Møter ein svært aggresiv laushund litt før midtvegs, og tek først av frå venstrevegvalet, og stoppar deretter heilt opp, medan hundeføraren prøver å få det hissige dyret til å lystre ordre...

1. - 2.: Moglegvis kjappare å dra meir rett på?

2. - 3.: Brukar meir tid enn naudsynt på å lese kart og finne stiar. Her er nok det beste berre å følge retninga, utan veldig stifokus, men eg lar meg m.a. lure av løypetrykken, der eg les siste del av streken mot 3. som ein stor skrent...

3. - 4.: Nytt strekk der eg brukar meir tid enn naudsynt på å lese kart og finne stiar, som ikkje er så tydelege som kartet gir inntrykk av.

4. - 5.: Skulle eg ha løpt dette strekket om att, ville eg ha lagt meg meir til høgre for streken, og løpt på høgde bortover skrålia under stupa litt over midtvegs. Skogen er rimeleg fin her.

5. - 6.: Glatt nedover her...

6. - 7.: Planen var eigentleg å dra under stupet og deretter rett på bortover skrålia, men pga glatta eg opplevde ned mot 6. ombestemte eg meg, og løp rundt på veg. Tungt å klatre opp att...

7. - 8.: OK

8. - 9.: Eg les stor høgresving som forbode, og heller enn ein litt mindre høgresving, prøver eg å halde høgde bortover lia. Det var neppe smart...

9. - mål: OK, og altså beste H60-, men 3-4 minutt bak 3 ungdommar i mål.

Visualizza commenti (0)
 
klubbmeisterskap Hordaveg BIL (2022-10-06)