nærløp Førde i Sunnfjord (2026-06-24)
Típus: Konkurranse
Térkép/terület: Bringeland
Rendező: Førde IL
Etter ei sjuk veke, var eg i gang med forsøk på løpssteg att, og kroppen var langt meir venlegsinna til innsats enn frykta :-)

Finfint terreng, men vått, ja, og vurderinga var at A-løypa var alt for lang. Eg trur valet om å løpe B var heilt greitt :-)

start - 1.: Over myra er "stien" meir ein stad der du ser at nokon har vore før deg, enn noko som løner seg å følgje, og eg er mindre lojal mot stien enn framomstartande Tonje (tidlegare klubbveninne i både NTHI og Fana IL...), som eg passerar før posten, då ho drar over haugen, medan eg drar rundt.

1. - 2.: OK

2. - 3.: Her trur eg at eg skal kutte ut på traktorveg, men her er ingen traktorveg, det er snakk om eit knapt synleg spor over våt myr, som eg ikkje ser frå sida... GG har fått synspunkt om omteikning av kartet her... Elles OK, og så var det mange som sleit inn mot posten her, overgangen myr mot ikkje-myr er nok relativt diffus...

3. - 4.: Litan sleiv på sjølve posten, men vegvalet trur eg er OK.

4. - 5.: Rundar, og trur det er OK

5. - 6.: "Løpestrekk", med ein litan stopp der eg tek av frå skiløypa for å hjelpe ei heilt forvilla C-dame.

6. - 7.: Tenkjer rett på, men litt før midtvegs passerar eg eit høgdepunkt, som eg i litt stuss trur må vere høgdepunktet til venstre for streken, og då korrigerar eg til høgre, noko eg ikkje skulle ha gjort. Myra er kjempevåt der eg passerar. Når eg etterpå teiknar vegval, ser eg høgdepunktet som gøymer seg midt under streken, og som var det høgdepunktet eg faktisk passerte litt før midtvegs på strekket...

7. - 8.: Blir litt usikker på kva kolle eg er ved, og gir nok frå meg nokre sekund då eg "for sikkerheits skuld" først rundar den feile kollen...

8. -10.: OK, men fortsatt vått...

10. - mål: Har aldri vore glad i motbakkeinnløp, beste jente i løypa slår meg med 27 sekund her...
Hozzászólások mutatása (0)
 
nærløp Førde i Sunnfjord (2026-06-24)