Digitális tájfutó térképtár - Torgeir Strand
|
Belépés
Összes felhasználó
|
Nyelv:
Magyar
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Vissza
<< bedriftsløp VBIK Bergen (2026-05-27)
Hav-O dag 1 (2026-05-30)
Típus:
Konkurranse
Térkép/terület:
Spildepollen Sotra
Rendező:
IL Gular
Eredmény
Ikkje kvar dag (ikkje ein gong kvart år...) det er løp på Sotra, og eg konkluderte med at eg denne gongen skulle starte, etter å ha opna som parkeringsvakt, men samstundes ta det som ein rusletur med kartlesingsfokus, i og med at det var mindre enn 20 timar til neste løp for ein kropp som ikkje likar å løpe så ofte, samstundes som eg forventa at dagens løp hadde asfaltstrekk, og at det dermed var morgondagens løp som skulle ha prioritet.
start - 2.: OK, alt går som planlagt, stødig orientering i gangfart :-)
2. - 3.: Undervegs på dette strekket gløymer eg at kartet er i sprintnorm, eg går over til å tenkje at ekvidistansen er 5 meter (og at målestokken er vesentleg mindre enn 1:4.000), og skjønnar lite. Eg konkluderar med at eg må vere til høgre for streken, og svingar difor til venstre og klatrar ned ein kant som eg trur er kanten like nord for posten. Vel nede skjønner eg lite, til eg brått hugsar kva ekvidistansen er, og eg då også forstår umiddelbart kvar eg er, samstundes som eg forstår at kanten eg klatra ned blir verre å klatre opp... 9:32 på eit strekk eg burde ha gått på det halve...
3. - 6.: OK, og heldigvis tilbake på det stødige sporet eg starta med :-)
6. - 7.: Veljer rett på, via den innteikna (og etter det eg har forstått tilrådde) passasjen. Først står eg fast i søppel frå hytta, og når eg skal opp passasjen, går eg meg fast i ein skrent, der eg med dagens skoval (joggesko) ikkje får tilstrekkeleg fotfeste til å hjelpe meg opp når eg har fått eit slags handtak i nokre greiner. Eg må skifte klatrerute og finne nye tak før eg endeleg kjem meg opp.
Eg trur det hadde vore kjappare å runde til høgre via fylkesvegen?
7. - 8.: OK
8. - 9.: Her kjem eit slikt strekk som gjorde at eg prioriterte vekk dagens løp som løpeløp, og at eg valde joggesko framfor o-sko.
9. - 12.: OK, sjølv om eg ikkje klarar å lese alle kartdetaljane (her hadde det vore kjekt med forstørra målestokk for gamlingar...).
12. - 13.: Eg meiner at eg på kartet ser ei opning i vestre hjørne på barnehagegjerdet, men når eg kjem dit, ser eg inga slik opning i gjerdet, og rundar i staden til høgre. Nok ein gong hadde det vore kjekt med forstørra målestokk, og slikt som dette er jo også ein av grunnane til at eg ikkje lenger synast det er så morosamt med sprintløp.
13. - mål: OK, med ei lita pratepause i "innløpet".
Hozzászólások mutatása
Hozzászólások mutatása/elrejtése
(
0
)
Hozzásszólás küldése
Név:
E-mail:
Mentés