Digitális tájfutó térképtár - Torgeir Strand
|
Belépés
Összes felhasználó
|
Nyelv:
Magyar
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Vissza
<< klubbmeisterskap Fana IL (2025-06-12)
|
bedriftsløp VBIK Bergen (2025-06-18) >>
klubbløp Samnanger IL (2025-06-15)
Típus:
Konkurranse
Térkép/terület:
Totræna
Rendező:
Samnanger IL
Eredmény
Alltid kjekt å løpe ved Totræna, sjølv om formen er dårleg, og det blei meir oppover i dag enn det eg ønskjer meg.
O-teknisk går det relativt greitt, sjølv om eg slit med "blasst" kart, og det er ein del eg ikkje ser på kartet.
start - 5.: OK, men tungt i motbakkane, ja...
5. - 6.: Eg har merka meg postbeskrivelsen, og rundar til høgre for å få ein betre trasé opp. Når eg er oppe, er det ingen post på topp av skrenten, og eg går til og med så langt fram at eg ser ned til botn av skrenten, der eg heller ikkje ser nokon post. Eg diskuterar med Emil Heksem, og konkluderar med at vi er på rett stad. Eg orkar ikkje å leite, og drar vidare, medan Emil klatrar ned for å starte leitinga.
6. - 7.: Blir passert av Emil, som forteljer at han fann posten ved ein skrent lengre nede.
7. - 8.: Føler at det er veldig langt bort til posten...
8. - 9.: OK, sjølv om opprinneleg tanke var meir rett på, men eg orkar ikkje å klatre meir...
9. - 10.: Eg tek sjansen på at posten heng eit stykke under skrenten, og rundar til venstre. Tabbe...
10. - mål: OK
Hozzászólások mutatása
Hozzászólások mutatása/elrejtése
(
0
)
Hozzásszólás küldése
Név:
E-mail:
Mentés