bedriftsløp VBIK Bergen (2025-05-21)
Típus: Konkurranse
Térkép/terület: Kokstad
Rendező: Bergen Fiber BIL
Kjende allereie på veg opp frå haldeplassen på Kokstadflaten at dette kom til å bli tungt, og tungt blei det. Det var nok også Askøymyrene frå dagen før som sat i beina...

start - 1.: Overraska over ikkje å finne tråkk. "Hovudtråkket" ligg truleg lengre til venstre. Generelt er det i "ryddeområdet" her ein del "slep" som ikkje framgår av kartet, og som gjer det vanskeleg å finne beste trase.

1. - 2.: Slit tungt bortover myrene, og finn heller ingen optimal trase. Beste trase er nok til venstre for min variant, men eg vil fortast mogleg ut av helvetesmyra midtvegs...

2. - 3.: Orkar ikkje meir myr, og veljer bort høgre, som truleg er best. I staden veljer eg venstre, og så finn eg undervegs ut at eg skal kutte. Deretter kuttar eg feil (meininga er å liggje til venstre for og om lag parallelt med streken, men absolutt ikkje å dra på tvers av denne), og så blir det rikeleg med myr likevel... UFF...

3. - 4.: OK

4. - 5.: Endeleg eit strekk der det delvis er fast botn :-)

5. - 6.: OK

6. - 7.: Drar ned for tidleg, og finn til og med ei nase, men forstår kva eg har gjort og tek meg inn, men det går nok eit minutt...

7. - mål: OK, men strekktidene forteljer klart at eg ikkje har dagen fartsmessig...
Hozzászólások mutatása (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (2025-05-21)