PWT-løp (2024-10-23)
Típus: Konkurranse
Térkép/terület: Le Grand Gaudin
Ország: Frankrike
Hadde bestemt meg for å ta det med ro, og navigere stødig, og det starta som planlagt, i krevjande terreng.

Inn mot 6. når eg att førstartande Tom A. Karlsen, og skjønner då at her blir det mykje bomming, og at eg truleg ligg veldig godt an (ettertida viser at eg på vedkommande tidspunkt ligg i leiinga i løypa...). Eg blir ivrig, mistar hovudet, og passerar gjennom ringen mange gongar, men utan å sjå posten, noko eg vurderar som utruleg når eg endeleg ser han, og tenkjer at her har eg jo vore fleire gongar tidlegare... :-(

6. - 9.: OK, og sjølvtilliten bygger seg opp att, kanskje kan dette likevel bli veldig bra, eg ser jo at det yrar av totalforvirra løparar rundt meg, i eit terreng som ikkje akkurat er "nordisk", og der normen er tolka heilt annleis enn det vi er van med lengre nord.

9. - 10.: Total katastrofe :-(

10. - 12.: Eg kuttar på farta, og finn greitt fram...

12. - 13.: Eigentleg OK, men eg drar ikkje opp det søkket eg tenkjer å dra opp, rett og slett fordi vegetasjonsopninga som kartet viser skal vere der, ikkje er der. Etter kvart er vi ei gruppe på nærare 10 personar som trålar rundt her, og til slutt drar eg opp det attgrodde søkket eg først hadde tenkt (teikna med gul stripe på kartet), og der er posten. Eg ropar så høgt eg kan til dei som ikkje blei med meg gjennom krattet...

13. - 14.: OK

14. - 15.: Får ikkje tak på stien, men tek meg etter litt forvirring greitt inn.

15. - mål: OK
Hozzászólások mutatása (0)
 
PWT-løp (2024-10-23)