klubbmeisterskap Fana IL (2024-09-19)
Típus: Konkurranse
Térkép/terület: Svartevatn
Rendező: Fana IL
Poengløp, enno utan resultatliste med poeng, men eg trur eg vann eldste klasse. Om eg også blei klubbmeister, står att å sjå, kriteria for dette er ikkje eintydige.

Kart utan meridianar og med fleire stup med fallstrek feil veg var lagt inn som ekstra konkurransefaktorar.

Står stille etter fellesstarten (tidene i Eventor visar ikkje starttider, men "nullingstider") og lurar på kva rute eg skal ta. Eg forkastar postane oppe på åsen sør for Joravatnet, og bestemmer meg for å starte med "bonusbøtta" under Fanasåta, og deretter dra nordaustover, men ikkje lengre enn at eg veit at eg rekk "heim" før maks.tida på 45 minutt er ute.

start - bonusbøtte: OK vegval, men får meg ei overrasking når det eg trur skal vere ein enkel rebus handlar om å finne 8 papirlappar med kvar sin bokstav, for så å setje desse saman til noko med 2 ord. Eg finn 7 papirlappar, gjettar meg ut frå desse fram til orda, og fortsetjer vidare, men det går nokre minutt meir her enn det planen var, før eg visste at "bonusposten" inkluderte lappeleiting...

bonusbøtte - 150: OK

150 - 140: Mykje gras og grums ned her...

140 - 170: OK, men ny overrasking då posten har eit oppslag om ein sjokolade som skal finnast i ein pose, og det einaste eg finn, er ein pose med drops. Eg leitar rundt etter sjokoladen, før eg konkluderar med at det einaste som er her er drops...

170 - 160: OK til eg er mindre enn 10 meter frå posten, og treff som planlagt på eit stup, men som fell feil veg ift kartet. Eg skjønner lite, og fortsetjer, men snur relativt kjapt, då alt anna indikerar at eg er på rett stad. Eg ser skjermen, og konkluderar med at kartet er på trynet akkurat her (og ser no etterpå at det i same område er fleire andre stup med fallstrek feil veg...). Eg skrinlegg samstundes planene om å fortsetje til 161, då det gir risiko for ikkje å rekkje tidsnok tilbake.

160 - 143: Tungt opp til posten, og eg bestemmer meg for å la 142 oppe på Hamresåta vere i fred, og heller sikre at eg kjem tidsnok tilbake.

143 - 151: Nytt tungt strekk, og dummar meg ut då eg skrår opp mot skrenten, for så å oppdage at posten faktisk er plassert nede på myra.

151 - mål: OK, i lav motsol, og tek ikkje sjansen på å ta svingen bortom 135, men når eg kjem i mål med god margin til maks.tida forstår eg at eg burde ha tatt med 142...
Hozzászólások mutatása (0)
 
klubbmeisterskap Fana IL (2024-09-19)