pokalkamp 4 Bergen (2026-06-02)
Kategooria: Konkurranse
Kaart/piirkond: Munkebotn
Korraldaja: Varegg Fleridrett
Klarte meg rimeleg greitt i ettermiddagsregnet, med unnatak av ved post 9 oppe på Ørneberget, der eg måtte ha hjelp for å finne posten og kome meg vidare...

start - 1.: Rundar på sti, og trur det er korrekt.

1. - 2.: OK

2. - 3.: Veljer ein i overkant pinglete inngang, og burde nok tatt av frå "storstien" tidlegare.

3. - 7.: OK

7. - 8.: Utgangsplanen er å halde seg på nedsida av vegen, men stisystemet viser seg å vere veldig "knudrete", og eg drar likevel opp, og trur det var eit heilt greitt val.

8. - 9.: Føler eg finn ein OK trasé oppover, men når eg er oppe, og vegetasjonen opnar seg, ser eg lite anna enn vatn. Eg famlar rundt halvvegs i blinde, til Lise Christensen dukkar opp og lurar på kvifor eg ikkje løper ned til posten, som ho ser 20 meter lengre framme. Eg trur det gjekk nærare 3 minutt her, før Lise dukka opp som ettermiddagens engel...

9. - 10.: God fart nedover her, i samløp med Lise på stien.

10. - 11.: Litt forvirring her, når både eg og Lise først les feil nummer (12) på posten.

11. - mål: OK

Kuva kommentaarid (0)
 
pokalkamp 4 Bergen (2026-06-02)