Torgeir Strand orienteerumiskaartide digi-kogu
|
Sisene
Kõik kasutajad
|
Keel:
Eesti
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Tagasi
<< bedriftsløp VBIK Bergen (2026-05-06)
KM mellomdistanse Møre&Romsdal (2026-05-10)
Kategooria:
Konkurranse
Kaart/piirkond:
Aksla Ålesund
Korraldaja:
Emblem IL
Tulemused
Med strekktidlapp delvis på polsk, og ingen strekktider å samanlikne mot, er det meir utfordrande enn vanleg å evaluere, men eg burde ha vore godt under halvtimen, og veit kvar eg la att vedkommande "tilleggsminutt", det verste er at det skjer i same område på 2 ulike strekk... (, og eg mistenkjer at det er den same stien som er syndar begge gongar, kanskje eg skal ta meg ein rusletur i terrenget ein dag i veka som kjem?).
Eg blir slått med 17 sekund av vinnaren i D60-, men der er det avtalt revansjeoppgjer på tysdag...
start - 1.: Full stopp på startpost, og bestemmer meg deretter for å halde høgde bortover lia. Eg blir pressa litt ned av vegetasjon, men går greitt i posten.
1. - 2.: Ikkje stort tidstap, men truleg kjappare å dra via vegen på oppsida.
2. - 3.: OK, venstresvingen er ut frå kva eg vurderte som mest framkomelege trasé nedover.
3. - 4.: OK
4. - 5.: Etter å ha kryssa "hovudvegen" mellom Kråmyra og Fagerlia, kjem eg opp på ein fin sti som skrår pent oppover, i korrekt retning, men etter ei uventa lang stund på denne stien, forstår eg lite av kvar eg er, og bestemmer meg for å dra rett til venstre opp på ryggen, for å få kontroll. Når eg kjem opp, ser eg kvar eg er, og i ettertid mistenkjer eg å ha løpt på ein sti som ikkje står på kartet (sjå elles kommentar om strekket til post 11...).
5. - 10.: Her går det stort sett på skinner, i terreng som er langt betre løpbart enn kva det var i gamle dagar :-)
10. - 11.: Det kan godt vere at beste vegval er venstre, men eg tenkjer svakt høgre, med inngang via sti som peikar "rett mot" posten. Før eg er oppe på korrekt sti, blir eg fanga opp av noko eg ikkje klarar å forstå er noko anna enn ein sti som manglar på kartet (, og mest truleg den same stien som lurte meg til post 5?). Det går unna i større fart enn kva toppetasjen er med på, og før eg vaknar att, er eg kome alt for langt, og det verste er at eg då kjenner meg att frå gamle dagar... Det er berre å snu tilbake, og som om eg då ikkje var ferdig med å kaste bort tid, tek eg meg ned til venstre for skrenten, der det ligg masse vegetasjonsgrums og pressar meg i ei stor runde rundt, medan inngang frå høgre hadde vore som gjennom silke... Ikkje noko OK strekk, nei, eg legg att minst dei 3 minutta eg var bak halvtimen, og så hadde eg altså allereie lagt att litt tid i same område på veg til 5.
11. - 12.: Eg finn masse nedfall, men er usikker på om det var betre lengre til høgre?
12. - mål: OK
Kuva kommentaarid
Peida kommentaarid
(
0
)
Lisa kommentaar
Nimi:
E-post:
Salvesta