nattcup Bergen (2024-10-16)
Kategooria: Konkurranse
Kaart/piirkond: Smøråsen
Korraldaja: Fana IL
Med skrantande kropp starta eg nattcupsesongen i B-løypa i måneskin i kveld. Greitt val det, tenkjer eg, og så var faktisk 2. plass godt innan rekkevidde, om eg berre ikkje hadde sølt bort minst 2 minutt rundt post 3...

start - 2.: OK, men ikkje heilt lett å sjå kvar stiane gjennom planteskogen faktisk var...

2. - 3.: Er sløv og upresis inn mot posten, og kjem opp på haugen til høgre, og rotar litt ekstra rundt oppå her, før eg kjem meg ned på rett stad.

3. - 4.: Gløymer kompasset, og drar heilt skeivt ut av 3. :-(
Inn mot 4. forlater eg stien for tidleg, men tidstapet inn her er berre småtteri mot utgangen frå 3. Småirritert på meg sjølv, etter 2 dårlege strekk i terreng eg bør kjenne godt.

4. - 7.: Skjerpar meg, og finn greitt fram, sjølv om eg står fast i grums nokre sekund litt før midtvegs mellom 5. og 6.

7. - 8.: Det er kanskje nokre sekund kjappare ikkje å dra heilt ned på Osvegen?

8. - mål: OK
Kuva kommentaarid (0)
 
nattcup Bergen (2024-10-16)