KM natt Hordaland (2026-11-04)
Categoría: Konkurranse
Mapa/área: Skeie / Siljustølen
Organizador: IL Gneist
Ingen store O-tekniske utfordringar på årets KM natt, der eg gjekk roleg gjennom i turfart.

start - 1.: Tendensar til skodde her, og får ikkje tak på grøne detaljar, men har bra kontroll på kor langt eg har kome.

1. - 4.: OK, men slit som venta med å sjå skilnad på gult og brunt...

4. - 5.: Ut frå posten stemmer ikkje kartet.

5. - 7.: OK

7. - 8.: Intuitivt veljer eg bort venstre, men kjem på etterpå at det her var lovleg å gå på dyrkamark, så venstre er nok best, ja...

8. - 9.: OK

9. - 10.: På spaserturen har eg med mobiltelefon, og stoppar for å sjekke inn Grønhaugen midtvegs :-) Dette er vel ein av dei meir obskure innsjekkstoppane i "Fjelltoppjakten"?

10. - 17.: OK

17. - 18.: Beste vegval er nok venstre?

18. - mål: Eg prøver meg ikkje på grøfta (denne burde nok ha vore teikna som upasserbar...) vest for kastbanen.
Show comments (0)
 
KM natt Hordaland (2026-11-04)