Archivo digital de mapas de orientación de Torgeir Strand
|
Acceso
Todos los usuarios
|
Language:
Español
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Atrás
<< bedriftsløp VBIK Bergen (2025-05-07)
|
bedriftsløp VBIK Bergen (2025-05-14) >>
pokalkamp 3 Bergen (2025-05-13)
Categoría:
Konkurranse
Mapa/área:
Bueskytterbanen / Langeskogen
Organizador:
Bergens TF
Resultados
Dette terrenget blir aldri noko favoritterreng, men eg brukar å finne greitt fram, men i dag blei det 3 minutt tidstap til post 4.
start - 1.: OK, men mogleg at høgre er hårfint kjappare?
1. - 2.: Tungt oppover, ja...
2. - 3.: Vurderar venstre som kjappast, samstundes som eg ikkje vil ha meir klatring, og difor heller drar bortover dårlege/utydelege skrålistiar. Strekkplasseringa er god, og vegvalet var kanskje betre enn eg trudde?
Samstundes var det nok fleire som fekk ein ekstra bom her, pga ein "lureskjerm" litt nedanfor posten?
3. - 4.: Dagens flause, der eg ligg for lavt ut frå posten, og strategien: "Inn på nord-sør-sti, litt nedover denne, og så ut sti til høgre", kollapsar, og eg drar alt for langt nedover før eg skjønner flausa, og legg ein ny plan, som ikkje er veldig god.
3 minutt tidstap her, ift om eg hadde klart å gjennomføre etter opprinneleg plan.
I etterpåklokskap går det sjølvsagt an å seie at eg skulle ha stoppa for å lese kartet då eg kom inn på nord-sør-stien, men eg hadde kanskje litt for stort fokus på å løpe frå ei D50- som eg hadde nådd att på 3., med den konsekvensen at vedkommande D50- var langt framom meg på 4.
4. - 5.: Her handlar det primært om å kome seg uskadd ned.
5. - 6.: Endeleg eit flatt strekk med OK underlag, og det går så fort at eg nesten løper forbi posten...
6. - 7.: OK
7. - 8.: OK, utan at eg forstår særleg av kartet her...
8. - mål: OK
Show comments
Hide comments
(
0
)
Post new comment
Nombre:
Email:
Guardar