pokalkamp 2 Bergen (2025-04-29)
Categoría: Konkurranse
Mapa/área: Damsgårdsfjellet / Laksevåg
Organizador: Årstad IL
Det er sanneleg ikkje kvar dag ein kan stille på start i løp der ein av funksjonærane har 85-årsdag, samstundes som dottera er løpsleiar og sonen er løypeleggar... Tidlegare orienteringskretsleiar Per Haugland meinte sjølv at det var ein veldig høveleg bruk av dagen ❤

Det gjekk tungt og treigt i regnet, men eg finn jo fram :-)

start - 4.: OK, etter å ha funne ut av forvirringa med at post 1 ved både første og andre augekast ser ut til å vere nummerert som post 4...

4. - 5.: Veldig tungt oppover på siste del av strekket...

5. - 6.: Beste trasé er truleg svakt til høgre for streken?

6. - 7.: Den smale myra er mindre løpbar enn forventa, og det er kanskje betre å dra rett på?

7. - 8.: Planen her er enkel: Gi litt høgde bortover skrålia, sjå deretter etter "rusttårnet", og ta posten derifrå ("rusttårnet" er merka med "T" sør for postringen, og er ein særs tydeleg detalj).

8. - 9.: OK

9. - mål: Dårleg sti, og veldig varsam nedover til 10.
Show comments (0)
 
pokalkamp 2 Bergen (2025-04-29)