Archivo digital de mapas de orientación de Torgeir Strand
|
Acceso
Todos los usuarios
|
Language:
Español
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Atrás
<< pokalkamp 1 Bergen (2025-04-01)
|
klubbløp Samnanger IL (2025-04-09) >>
Kristtorn / Vestlandspremiere (2025-04-06)
Categoría:
Konkurranse
Mapa/área:
Heiane - Landåsen
Organizador:
Stord IL
Resultados
Sleit tungt i Stordskogen i dag, men får trøyste meg med at eg blei beste Gularløpar i klassen...
start - 1.: Har grei kontroll gjennom grumsete skog, men finn ingen post i myra der posten skal vere. Eg diskuterar litt med Magnus Natås, og sjekkar så steinen nord for ringen før retur til korrekt detalj, og konkluderar med at alt stemmer, men så ropar Per Vold: "Her er den".
Posten ligg i austre kant av ringen :-(
2 min. tidstap?
1. - 2.: OK, men miserabel fart.
2. - 3.: Betre fart her, men det er mogleg at det er kjappare gjennom det lysegrøne like til høgre for streken?
3. - 4.: Veljer feil trasé, forvekslar deretter 2 myrer, og går på ein skikkeleg bom, med full stopp, kart- og terrenglesing og mykje undring. Etter å ha tatt meg inn, og meiner at eg ser korrekt høgdepunkt, er neste utfordring at eg ikkje ser den godt gøymde postskjermen...
Totalt trur eg det går om lag 4 minutt her :-(
4. - 5.: OK
5. - 6.: Myra inn mot posten er langt tyngre enn eg trudde at ho skulle vere, og eg burde ha følgd stien lengre, før eg forlot denne...
6. - 7.: Klarar å finne den verste braken her, og blir passert av fleire som finn ein betre trasé 15-20 meter til høgre for meg...
7. - 8.: OK
8. - 9.: Blir strekkvinnar til ein ufint plassert post, i ymist vegetasjonsgrums.
9. - 10.: Eg mistenkjer at det gule ikkje er gult, og kjempar meg ut på stien til høgre. OK val, men dårleg gjennomført vidare. Her ryk nok eit minutt...
10. - mål: OK
Show comments
Hide comments
(
0
)
Post new comment
Nombre:
Email:
Guardar