Archivo digital de mapas de orientación de Torgeir Strand
|
Acceso
Todos los usuarios
|
Language:
Español
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Atrás
<< klubbmeisterskap Hordaveg BIL (2024-10-17)
|
PWT-løp (2024-10-21) >>
PWT-løp (2024-10-20)
Categoría:
Konkurranse
Mapa/área:
Le plateau de la Justice
País:
Frankrike
Resultados
Første løp på Middelhavsturen gjekk ikkje akkurat i silketerreng. Eg følte meg ikkje i slag før start, og bestemte meg for å ta det veldig med ro, og var greitt nøgd med det når eg oppdaga at vegetasjonen fleire stadar handla om stikkebuskejungel.
Mellom 3. og 5. var eg i ei gruppe som dreiv på med "kollektivorientering", med stadige drøftingar om kva det var vi eigentleg såg, Stisystemet på kartet var relativt "rettleiande", og det var ikkje heilt lett å sjå skilnad på "tråkk som er teikna som sti på kartet" og "tråkk som ikkje er med på kartet", og uansett var det vanskeleg å følge tråkk som stadig delte seg, utan at stiane på kartet delte seg tilsvarande. Skrentane var langt under normen, og eg såg heller ingen steinar som var store nok til å vere "normsteinar".
Frå 7. til 8. skjønte eg lite, og eg sjekka klokka mot "brytetida" reiseleiar Jens hadde kringkasta, før eg konkluderte med at her skal eg fullføre.
"Snilt" terreng dukka først opp etter post 16, og her blei det faktisk nokre joggesteg :-)
Undervegs dukka det opp minner frå WOC i 2011, det er fleire stadar i Frankrike det er grumseterreng...
Nydeleg sommarver, og solbrent skalle etterpå... God stemning etter målgang, og full forståing for at land utan allemannsrett må bruke dei terrenga dei har tilgang til :-)
Show comments
Hide comments
(
0
)
Post new comment
Nombre:
Email:
Guardar