Digital Orienteering Map Archive for Torgeir Strand
|
Log in
All users
|
Language:
English
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Back
<< pokalkamp 5 Bergen (25/08/2026)
bedriftsløp VBIK Bergen (26/08/2026)
Category:
Konkurranse
Map/area:
Åstveitskogen
Organiser:
Bergenslærerne BIL
Results
Godt nøgd med at kroppen no takla 2 løp på 2 dagar, om enn i relativt korte løyper. Kanskje retur til A neste veke?
Eg kan ikkje hugse om eg tidlegare har vunne H60-B med så mykje som nesten 8 minutt, men alle med fart rota det til for seg sjølve i dag...
start - 1.: Reint transportstrekk
1. - 2.: Planen er eigentleg inngang rett på, men når eg ser korleis det ser ut framom meg, blir det i staden venstreinngang via sti.
2. - 3.: Vegvalet følast feil, der eg slit med både kristtorn og anna, men når eg ser strekktidene trur eg faktisk at det var heilt OK. Det som ikkje var OK, var inngangen, der eg overforenklar, og tek inngang frå feil steingardkne, og kjem opp på eit høgdepunkt på feil rygg. Eg skjønner heldigvis fort kva eg har gjort, men det går nok nærare 2 minutt?
3. - 4.: Nok ein gong følast vegvalet feil, då eg først slit med nedfall, og deretter opp frå golfbanen føler eg står heilt fast i kvist og kvas, men nok ein gong indikerar strekktidene at vegvalet faktisk var OK?
4. - 5.: Eg baksar meg veg gjennom enno meir kristtorn...
5. - 6.: OK
6. - 7.: Eg veljer venstre, og trur det er OK. Litt over midtvegs tek eg ikkje sjansen på å "kutte", då eg ikkje klarar å lese om "flekken" det er mogleg å kutte over er gul, brun eller tomtegrøn... Inn mot posten er det både kø og møtande trafikk...
7. - 8.: Her handlar det om å "sortere bort" stisystemet, og lese resten av kartet.
8. - 9.: OK, og nok ein gong handlar det om å "sortere bort" stisystemet, som eg tenkjer her er meir til forvirring enn til hjelp...
9. - mål: Det går ikkje fort med meg til mål, men eg finn den rette traséen :-)
Show comments
Hide comments
(
0
)
Post new comment
Name:
Email:
Save