treningsløp Emblem IL (12/05/2026)
Category: Konkurranse
Map/area: Emlemsfjellet
Organiser: Emblem IL
Treningsløp i dag, på ein tidlegare frykta del av Emlemsfjellet, der eg har vore på mange storbommar som ung orienteringsløpar, men etter at det kom nyare kart med meir å lese på, har eg klart meg rimeleg godt her, og så også i dag, om enn med 2 minutt på post 7.

Dagens uttalte målsetjing var å revansjere meg mot D60-dama som slo meg med 17 sek. på søndag, og det klarte eg, i dag med 23 sek. i min favør :-)

start - 1.: Ikkje veldig løpsviljug kropp ut frå start, men greitt i posten, der det berre er å halde stødig kurs og høgde ut frå gjerdekne.

1. - 2.: Eg følgjer bekken, men det beste er nok å runde svakt til venstre.

2. - 3.: Eg sikrar via gjerdekne og gult område heller enn å velje rett på.

3. - 4.: Kompasset forteljer meg at eg skal svakt til venstre for motsola, og eg legg av garde med sikte på at sola skal hjelpe meg til å halde stø kurs fram til bekken etter stien, og at eg deretter skal lese meg vidare, ein taktikk som fungerar perfekt :-)

4. - 5.: Styrar greitt via opa myr.

5. - 6.: Tek kompasskurs og løftar blikket, og ser at eg skal rett mot Randers topp. Som tenkt, så gjort :-)

6. - 7.: Meir skog her, og ikkje lett å finne noko stort og støtt langt unna å sikte mot, og eg sklir overmodig ut til venstre, og brukar i overkant lang tid på å ta meg inn. Her går det 2 minutt, og eg tenkjer at her fekk Marit sjansen til å slå meg nok ein gong...

7. - 8.: OK

8. - mål: Årets lengste målstrekk, til og med med vegvalg. Eg veljer stien (velkjend for alle som har løpt før i dette området), men det raskaste er kanskje å skrå svakt nedover mot elva, kjempe seg over denne (noko som var fullt mogleg på dagens relativt lave vassføring), og så spurte opp vegen (for dei som klarar å spurte i oppoverbakke...)?

Uansett kjekt å løpe på Emlemsfjellet att, sist eg var på tur her inne, var på ski 2. januar.
Show comments (0)
 
treningsløp Emblem IL (12/05/2026)