Digital Orienteering Map Archive for Torgeir Strand
|
Log in
All users
|
Language:
English
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Back
<< pokalkamp 2 Bergen (28/04/2026)
bedriftsløp VBIK Bergen (29/04/2026)
Category:
Konkurranse
Map/area:
Moldalia
Organiser:
Bergen kommune BIL
Results
Dette skrivast utan tilgang til resultat eller strekktider, og så får tida vise om eg finn grunn til å oppdatere/endre noko når desse dukkar opp...
Planen var å løpe B-løypa, men då eg kom til start var det laaang kø der, og eg kom fram til at eg ville vere tidlegare i mål om eg skifta startkø, og gjorde det... I ettertid tenkjer eg at det nok blei i lengste laget i noverande form, og med løp i beina frå dagen før...
start - 1.: Drar rett på i motsola, som gjer at eg ikkje finn dei gode traséane gjennom brakefelta. Oppe ved posten drar eg rett forbi på nedsida, utan å sjå korkje postskjerm eller skrent i motlyset... Skjønner etter kvart at eg har kome for langt og drar tilbake, då på oppsida, og får ein ny baut før posten endeleg er der. Eg trur det går 3 minutt her, det meste av tida inne i ringen...
1. - 2.: Plan A er å halde høgde bortover lia, men alle tråkk eg treff på, skrår oppover, noko som gjer at eg kjem høgare enn tenkt, samstundes som eg har kontroll på kvar eg er, og går rett i. Eg lurar likevel på om det ikkje er raskare å dra over åsen?
2. - 3.: OK
3. - 4.: Finn ingen god trasé, og sikksakkar mellom skrentar og brakefelt, men har rimeleg kontroll på kvar eg er.
4. - 5.: OK
5. - 6.: Inn mot 6. klarar eg ikkje å lese kartet, alt blir berre "grøn graut", men eg snublar over det som er min 12., og brukar den som inngang.
6. - 7.: Fortsatt ikkje enkelt å lese kartet, men eg anar ein trasé som også viser seg å stemme.
7. - 8.: Ikkje veit eg at det meste av dette strekket går i finskog, og eg bestemmer meg for å løpe rundt på sti, men finn aldri nokon sti oppover mot aust. Eg mistenkjer at denne stien faktisk ikkje finnast? Elles OK, men det er nok altså raskare med rett på.
8. - 9.: Kjem litt for langt til høgre, men ser posten til venstre for meg når eg er kome høgt nok.
9. - 10.: Ein del nedfall her, som gjer at eg ligg til høgre for den tenkte traséen langs streken.
10. - 11.: OK
11. - 12.: Første del av strekket handlar om å kome seg uskadd ned til stien, deretter er det inn i det grøne der eg ikkje klarar å lese kartet. Eg satsar på at eg skal kjenne meg att, ein strategi som ikkje virkar før eg er på feil post, men då veit eg jo kvar eg er...
Då eg skulle til 6., fann eg altså 12. først, medan då eg skulle til 12., fann eg 6. først...
2 minutt tidstap her, tenkjer eg...
12. - 13.: OK, men kjenner at kroppen er sliten...
13. - 14.: Planen er rett på, men det blir for freistande å dra ned stien langs rørgata... Trur eigentleg at det vegvalet eg ender opp med er det beste?
14. - 15.: Ikkje akkurat lettløpt, men eg har grei kontroll på kvar eg er.
15. - mål: Ikkje noko fartsinnløp her, nei...
Show comments
Hide comments
(
0
)
Post new comment
Name:
Email:
Save