bedriftsløp VBIK Bergen (10/09/2025)
Category: Konkurranse
Map/area: Smøråsen
Organiser: Eikner BIL
Smøråsen blir aldri noko favoritterreng, men det blei ei grei runde for rusten kropp i dag.

start - 5.: Veljer sti overalt der dette er eit alternativ, og trur vala eg tek er rette.

5. - 6.: Ser ingen "rundtvegval" som eg likar, og prøvar meg rett på, sjølv om eg veit at det ligg ein del rask og rusk langs kraftlinjegata. Eg trur valet er OK.

6. - 7.: OK, og også strekkvinnar i klassen her.

7. - 8.: Går meg fast i grums ned mot posten, der eg først etter å ha kome i mål, ser dei grøne detaljane eg burde ha styrt til venstre for.

8. - 9.: OK

9. - mål: Slit med høgt gras ned- og bortover det gule her, det blei nok etter kvart trakka fin sti for dei som starta seinare enn meg...

Tempo så som så, men med tilnærma prikkfri orientering blei det klassesiger i H60-B, og dei einaste som slår meg i løypa er eit par kjappføtte ungdommar.
Show comments (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (10/09/2025)