bedriftsløp VBIK Bergen (18/06/2025)
Category: Konkurranse
Map/area: Fløien
Organiser: Bergenslærerne BIL
Betre fart i kroppen enn på lenge, og eg slår dei eg skal slå :-)

Heldig med løpsveret, då eg kom meg rundt mellom skikkelege regnskyll både før og etter mine minutt i skogen.

start - 1.: OK, men løper "baklengs" ut gjennom starten, som var rigga til for utløp nordover.

1. - 2.: OK

2. - 3.: Uvanleg nok strekkvinnar, og ingen grunn til å klage på traséen eg finn :-)

3. - 4.: Strekktidene tilseier at eg ikkje fann beste trasé her, eg måtte smårunde både myrhol og nedfall...

4. - 7.: OK

7. - 8.: Gjer ein "rar" feil litt før midtvegs, der eg utan no i ettertid å ha klart for meg kvifor, svingar inn på sti til høgre, men stoppar og korrigerar etter nokre meter. Inn mot posten sikrar eg bevisst med inngang via blokkfeltet. Det er ikkje eit område på Fløien der eg har bomma så mykje som akkurat her...

8. - 9.: OK, men gjer den tabba ikkje også å lese kvar eg skal vidare...

9. - 10.: Er ikkje på forskot, og startar austover mot stien ved Revurtjern, utan å ha lese strekket. Eg ser etter kvart at eg burde ha vald høgre, men er då kome så langt at eg fortsetjer, og bestemmer meg for ein sikksakkvariant, for å få mest mogleg løping nedover på veg. Stien til venstre veit eg er håplaus å løpe på (, og eg gjekk jo opp der så seint som på veg til start). Mystisk nok ser strekktidplasseringa mi meir enn OK ut, men eg er overtydd om at høgre er vesentleg raskare. Truleg er forklaringa at det også er mange andre som har vald feil her, utan å sjå "stor høgre"?

10. - mål: Her blir eg fråløpt, ja...
Show comments (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (18/06/2025)