Digital Orienteering Map Archive for Torgeir Strand
|
Log in
All users
|
Language:
English
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
Back
<< klubbmeisterskap Emblem IL (04/06/2024)
|
Fjord-O løp 1/4 (03/07/2024) >>
treningsløp Emblem (11/06/2024)
Category:
Konkurranse
Map/area:
Akslaseter
Organiser:
Emblem IL
Results
Kropp i stadig betring, og i dag blei det stavjogg over dei våte myrene, og stavgang elles. Brikke og kompass blei lagt i lomma, brikke tatt fram på postane, og kompass i starten av eit par strekk.
start - 1.: Finn ein grei trasé bortover lia, men optimal trasé er nok eit hakk meir til venstre.
1. - 2.: Litt ruglete botn i starten av strekket, og eg drar via myra for å få fin botn tilpassa mitt noverande steg.
2. - 3.: Passerar rett på nedsida av posten utan å sjå korkje post eller stein, men skjønner fort at eg har kome for langt og at eg er litt for lavt.
3. - 4.: Post litt lengre til venstre enn venta ut frå det eg les som myrkontur.
4. - 6.: OK
6. - 7.: I etterpåklokskap drar eg opp for tidleg...
Eg ser stupet til høgre, føler eg har kontroll på blokkfeltet i postringen, men passerar likevel forbi på nedsida av posten, utan å sjå korkje post eller stein. Brukar deretter alt for lang tid på å skjønne at eg har kome for langt, og ta meg inn, og finn samstundes ingen god trasé langs lia her, korkje den eine eller andre vegen.
Kort og godt feil inngang, og deretter sløv oppførsle, kanskje fordi fokus akkurat no er meir på å ta vare på kroppen enn å kome seg fort rundt?
7. - 8.: Prøver å finne trasé langs mest mogleg myr, der eg får til å ta joggesteg. Løysinga følast grei, men det er kanskje betre å slippe seg ned med det same, og runde langs stormyra til venstre?
8. - mål: OK
Show comments
Hide comments
(
0
)
Post new comment
Name:
Email:
Save